Kayak på fjorden ved Undredal brygge.

Om konferansen

Velkomen til Levande Landskap-konferansen og Nærøyfjorden Verdsarvpark!

Årets tema:
Parken, det er eg! Person og partnarskap i park.

– LEVANDE LANDSKAP –

– LEVANDE LOKALSAMFUNN –

– LEVANDE LEIARSKAP –

– LEVANDE LANDBRUK –

 

Dei to siste åra har vi vore skilde frå det som gjer oss levande – det å samlast, lære og gjere ting i lag. Endeleg møtest vi att!

Programtemaet i år handlar om kor viktig det er med lokalt samarbeidd, langsiktig partnarskap, og gode prosessar.

Levande Landskap-konferansen samlar menneske frå heile landet. Menneske som engasjerer seg i landskap, lokalsamfunn, landbruk og leiing. Dei norske parkane jobbar heilskapleg med emna. Det får du erfare på konferansen.

Staden er Nærøyfjorden Verdsarvpark – ein av ni regionalparkar i Noreg. Norske Parker blei etablert akkurat her for elleve år sidan. Sidan den gongen har båe regionalparkar og UNESCO-områder utvikla seg godt nedanfrå og opp. Det skal vi feire!

Med Levande Landskap-konferansen kjem vi saman for å lære og å inspirere kvarandre. Saman skapar vi læring og aktivitet att. Klikk her for å lese meir om programmet.

Om arrangøren: Norske Parker er organisasjonen for regionalparkar i Noreg. Arbeidet vi gjer er forankra i den Europeiske landskapskonvensjonen og medverkar til brei verdiskaping. Vår visjon er levande landskap med natur- og kulturverdiar som er verdsett av folk, og med parkar som skapar. Les meir om arbeidet på nettstaden til Norske Parker. 

Les meir om Norske Parker på nettstaden deira.

Del dette:

Facebook
Twitter
LinkedIn
Pinterest