Bjørn Egil Flø

Bygdesosiolog og forskar ved NIBIO.

I sine nær 25 år som bygdeforskar har Flø opparbeida seg ei forskingsportefølje like mangfaldig og brei som dei norske bygdesamfunna. Frå dei ytste øysamfunna på kysten i nord til dei inste skogsbygdene i grensetraktene i sør, har Flø samla kunnskap frå samtaler med folk som lever og bur kring om i heile landet. Saman med forskarkollega Frode Flemsæter har Flø redigert antologien «Utmark i endring» som kom ut på Cappelen Damm forlag i fjor haust.